Tildeling av fornyings- og innovasjonsmidlar 2019 til kommunane i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen har tildelt midlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt 2019 til kommunane i Sogn og Fjordane.

 

  

Det vart sett av 5,5 mill. kroner av skjønnsmidlane til dette. Samla tildeling til fornyings- og innovasjonsprosjekt utgjer 4,145 mill. kroner. Vi fekk inn 21 søknader. Ein søknad vart trekt, og ein vart utsett. Av dei resterande søknadene fekk 17 tildelt midlar og 2 fekk avslag. Den resterande summen av skjønnsmidlane vil stå att i reserve til uføresette utgifter i 2019 og eventuelt til generell fordeling av gjenståande midlar.

Følgjande prosjekt fekk tildelt midlar:

Prosjekt.nr. Kommune Prosjekt  Sum kr.
14-19-002 Gloppen kommune Innsats for betre psykisk helse      250 000
14-19-003 Årdal kommune Digitaliseringsstrategi Årdal, Lærdal, Aurland 50 000
14-19-004 Selje kommune Satsing på IKT som læremiddel 150 000
14-19-007 Flora kommune Folkehelse - samarbeid om data og analyse i Vestland fylke 300 000
14-19-008 Fjaler kommune Aktiv i HAFS 50 000
14-19-011 Sogndal kommune Koordinator for regionalt psykologinettverk 250 000
14-19-012 Gloppen kommune Samlokalisering blålys-etatar og Røde Kors 100 000
14-19-013 Eid kommune Digitale innbyggjartenester og automatisering 300 000
14-19-014 Naustdal kommune Plan for innovativ innkjøp av velferdsteknologi i Sogn og Fj. 300 000
14-19-015 Naustdal kommune Responssenter for velferds-teknologi, samarbeid med ALSF 150 000
14-19-016 Flora kommune Bustadsosialt utviklingsarbeid 250 000
14-19-017 Flora kommune Førebygging av fråvær i skule 50 000
14-19-018 Gloppen kommune Merkevarebygging av Nordfjord som bu- og arbeidsområde 50 000
14-19-019 Gaular kommune Analyse av kollektivtilbodet i Sunnfjord kommune 50 000
14-19-023 Vik kommune Digitaliseringsfylket Sogn og Fjordane 2019 1 200 000
14-19-024 Gloppen kommune Felles landbrukskontor for Nordfjord og Kinn kommune 150 000
14-19-028 Flora kommune Velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane 2019 495 000
    Samla tildeling 4 145 000

Kvart prosjekt vil få tilsendt brev om tildelinga og vilkår for rapportering.
Vi ønskjer lykke til med prosjekta.