Søknad om utsleppsløyve for Tokagjelet kraftverk


Høyringsfrist 11. februar 2019 23:00

Tokagjelet AS søkjer om løyve til utslepp av borevatn i samband med bygging av Tokagjelet kraftverk i Kvam herad. Planlagt oppstart av borearbeid er juni 2019 og forventa drivetid er om lag 12 månadar.

Olje og energidepartementet har gitt konsesjon etter vassdragsreguleringslova til å bygge Tokagjelet kraftverk i Steinsdalsvassdraget.

Kart over prosjektområdet

Kart over prosjektområdet

Prosjektet

Tunnelen som skal borast vil gå frå inntaket på Kvamskogen til kraftstasjonen på Neteland. Lengda på tunnelen vil vere 2050 meter. Før boring av sjakta vil det vil bli utført litt sprenging.

Utslepp frå anlegget vil i hovudsak vere frå boring av sjakt, frå riggområdet og avrenning frå mellombels massedeponi. Utsleppet er mellombels, og vil bli reinsa før utslepp til Steinsdalselva.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfrist er 11. februar 2019.

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, eller til Fylkesmannen i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2018/1702. Frist for å gje fråsegn er 11. februar 2019. Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under fullt namn. Fråsegn som ikkje er seriøse vert ikkje vurdert.

Uttale

Kontaktpersonar

Dokument