Søknad om mellomlagring av asfaltmassar på Espehaugen 54


Høyringsfrist 15. februar 2019 23:00

Løvaas Maskin AS søkjer om endra løyve etter forureiningslova for sitt avfallsanlegg på Espehaugen 54 i Bergen kommune. Frist for uttale er 15. februar 2019.

Figur: Rød markering viser kvar anlegget ligg, Espehaugen 54

Figur: Rød markering viser kvar anlegget ligg, Espehaugen 54

Dei søkjer om å ta imot og lagre returasfalt før det skal vidareleverast til knusing og gjenbruk. Frå før har verksemda løyve til å ta imot, sortere og lagre brukt strøsand.

Det står opplyst i søknaden at asfalten vil bli lagra på fast dekke med avrenning til oljeutskiljar, og at området er delt inn i båsar med betongbarrierar for å sikre at dei ulike avfallsfraksjonane ikkje blir blanda saman.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida, saman med verksemda sitt gjeldande løyve. Høyringsfrist er 15. mars 2019.

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, eller sende per post til Fylkesmannen i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2018/2001.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurdert.

Uttale