Søknad om endra utsleppsløyve for Florø lufthamn

Høyringsfrist:
2. juni 2020 23:59

Avinor AS søkjer om løyve til auka utslepp av flyavisingskjemikalie frå Florø lufthamn. Dei søkjer om å auke ramma frå 1000 liter 100 % glykol til 3000 liter.

Publisert 29.04.2020

imageux1b.png

Oversiktskart som viser avrenningsmønster og områder med mogeleg forureinande aktivitet. 

Om søknaden

Forbruk av avisingskjemikaliar er avhengig av vêrforhold vinterstid, og det har vore sesongar forbruket har vore større enn det som er gitt i utsleppsløyvet. I tillegg blir Florø lufthamn brukt som alternativ flyplass for andre flyplassar i nordre del av Vestland fylke ved dårleg vêr.

Flya blir avist på eige område av oppstillingsplattformen. Det er stipulert at 70 % av kjemikaliane renn til drenssystemet og blir ført til Solheimsfjorden. Noko går til infiltrasjon på området for deponering av glykolholdig snø og noko til terreng langs rullebana.

Den delen av søknaden som gjeld utslepp frå testing av skumkanoner og tømming av pulveraggregat på brannbil går ut. Kinn kommune har utsleppsløyve til drift av brannøvingsfeltet, og dette vil bli handsama som ei eiga sak.

Gjeldande løyve

Flora lufthamn har eit eksisterande løyve idag. Det finn ein om ein klikkar på lenka i høgremenyen. Sjå www.norskeutslipp.no. Flora lufthamn søkjer om endring av eksisterande løyve. 

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Høyringsfrist er 2. juni 2020

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, eller til Fylkesmannen i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2019/1090. Frist for å gje fråsegn er 2. juni 2020.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under fullt namn. Fråsegn som ikkje er seriøse vert ikkje vurdert.

Uttale

Høyringsfrist:
2. juni 2020 23:59