Høyring om oppretting av Bogane naturreservat i Flora kommune


Høyringsfrist 05. februar 2020 23:59

Frist for å kome med fråsegn til høyringsframlegget er 5. februar 2020. 

Kart over framlegg til Bogane naturreservat i Flora kommune

Det planlagde verneområdet ligg på nordsida av Lykkjebøvatnet som ligg nord for Fv615 i Flora kommune. Grunneigar i området har underskrive avtale om oppretting av naturreservat. Det planlagde verneområdet omfattar i alt omlag 654 dekar. Grensene for området er endra etter oppstartsmeldinga av 12.03.2019 fordi grunneigar på gnr/bnr 58/15 har trekt tilbodet, og grunneigar på gnr/bnr 58/1 har utvida tilbodsområdet. 

Frivillig skogvern

Oppretting av Bogane naturreservat i Flora kommune skjer etter frivillig vern.

I Noreg har vi eit mål om at 10 % av skogen vår skal vernast. Arbeidet med å opprette naturreservat i skog gjennom frivillig vern har høg prioritet i Regjeringa.

 

 

Uttale