Søknad om løyve etter forureiningsregelverket i samband med bygging av Offerdal kraftverk


Høyringsfrist 04. oktober 2019 23:59

Offerdal kraftverk søkjer Fylkesmannen om mellombels løyve til utslepp av tunneldrivevatn. Samstundes søkjer dei om løyve til å dumpe overskotsmassar frå tunneldrifta i Årdalsfjorden.

Offerdal kraftverk AS ynskjer å etablere to kraftverk, Øvre – og nedre Offerdal kraftverk på nordsida av Årdalsfjorden. Dei to kraftverka skal utnytte falla i høvesvis Ytre Offerdalselvi og Indre Offerdalselvi. 10. februar 2017 fekk Offerdal kraftverk AS konsesjon ved kgl. resolusjon til å bygge kraftverka med tilhøyrande elektriske anlegg.

Tunneldriving

Øvre Offerdal kraftverk skal byggjast med kraftstasjon i dagen. Inntak og dam skal etablerast på kote 800 moh. Vassvegen for dette kraftverket skal gå gjennom ei sjakt og ein ca. 2960 m lang tunnel frå inntaket og over til kote 400 moh i Indre Offerdalselvi ved Skogli. Det skal i tillegg drivast ein tilkomsttunnel knytt til inntaket. Siste delen av vassvegen frå påhogget og fram til kraftstasjonen skal gå i røyr i grøft over eit jorde.

Nedre Offerdal kraftverk skal ha dam og inntak på kote 399 moh i Indre Offerdalselvi. Vassvegen ned til kraftstasjonen som skal byggjast i fjell, skal gå i tunnel. Lengda på tunnelløpet vert om lag 3760 m. Frå fjorden og inn til kraftstasjonen skal det drivast ein utløpstunnel på 340 m og ein tilkomsttunnel på 540 m.

Dei ulike tiltaka går fram av figuren nedanfor

Ved tunneldriving vil det verte generert drifts- og drensvatn som vil vere forureina i større eller mindre grad. Mengd og kvalitet på drifts- og drensvatn vil variere gjennom anleggsperioden. Under boring og sprenging vil det bli danna mykje steinstøv og slampartiklar. Sprenging vil også føre til utslepp av nitrogensambindingar (ammonium og nitrat), og bruk av sementprodukt vil kunne føre til auka pH i vatnet. Det vil elles kunne førekomme oljelekkasjar frå maskiner og utstyr. For å hindre utslepp av forureina avløpsvatn, skal drifts- og drensvatnet leiast gjennom sedimentasjonsbasseng/sandfang, kombinert med grøfter og tersklar inne i tunnelane, og oljeutskiljar før det vert sleppt ut ved Skogli og i Årdalsfjorden. Reinseanlegga skal dimensjonerast ut frå maksimal vassmengd. 

Dei ulike tiltaka går fram av figuren

Kartutsnitt Offerdal

Dumping i sjø

I samband med tunneldrivinga vil det verte generert om lag 250 000 m3 lause overskotsmassar av sprengstein. Om lag 100 000 m3 av desse skal deponerast ved Skogli. Resten av desse dvs. om lag 150 000 m3 er planlagt dumpa i Årdalsfjorden ved Indre Offerdal, aust for utløpet av Indre Offerdalselvi og vest for den planlagde utløpstunnelen for Nedre Offerdal kraftverk. Massane er planlagt frakta ut gjennom tilkomsttunnelen og dumpa i fjorden. I starten skal om lag 6000 m3 massar dumpast frå land. Resten er planlagt dumpa frå ein 60-70 m lang lekter som skal ankrast opp ved påhogget. Sidan overskotsmassar frå tunneldriving vert rekna som næringsavfall, har tiltakshavar fått samtykke frå Miljødirektoratet til også å dumpe massar frå land jf. § 32 i forureiningslova som gjeld anna disponering av næringsavfall.

Fylkesmannen skal vurdere søknaden og eventuelt gi løyve etter forureiningsregelverket.