NOMIL søkjer om endra løyve til avfallshandtering


Høyringsfrist 30. september 2019 23:59

Nordfjord Miljøverk IKS (NOMIL) søkjer Fylkesmannen i Vestland om endring av vilkår i løyve til handtering av avfall på sitt anlegg på Eidsmona i Gloppen.

Det er søkt om endring av mengd avfall som kan takast imot årleg, lagringsmengd og nokre endringar i arealet der avfallshandteringa skjer.

Søknad er lagt ut til offentleg ettersyn på www.fylkesmannen.no/vestland/hoyringar. Andre dokument til søknaden kan ein få ved å vende dykk til fmvlpost@fylkesmannen.no.

Merknader til søknaden kan de sende til Fylkesmannen via nettsida, som e-post til fmvlpost@fylkesmannen.no, eller i brev til Fylkesmannen i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger innan 30 september 2019.

Uttale