Løyve til opprydding i forureina grunn


Høyringsfrist 06. september 2019 23:59

Lindum AS har fått løyve til å rydde opp i forureina grunn på tomta Husemoen 17 i Ullensvang herad.

Bakgrunn for saka, løyvet og vilkår for løyvet finn ein på lenka til høgre på sida.

Arealet er registrert i databasen Grunnforurensning, og oppdatert informasjon om tiltaket vil bli registrert her når oppryddinga er ferdig.

Partane og andre med rettsleg klageinteresse kan klage på løyvet eller vilkår i løyvet til Miljødirektoratet innan tre veker etter dette oppslaget. Eventuell klage bør grunngjevast og må sendast til Fylkesmannen i Vestland, fmvlpost@fylkesmannen.no eller per post til Fylkesmannen i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger