Webinar for helsestasjon- og skulehelsetenesta

Tema for webinaret er covid-19 pandemien og korleis den påverkar tilbodet til born og unge i helsestasjons- og skulehelsetenesta.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.05.2020

Helsedirektoratet i samarbeid med folkehelseinstituttet og landsgruppa av helsesjukepleiarar (LAH) inviterer til webinar primært for helsesjukepleiarar og leiarar i helsestasjons- og skulehelsetenesta. Webinaret kan også være nyttig for leger, fysioterapeutar, merkantilt personale og andre tilsette i helsestasjon – og skulehelsetenesta.

Webinaret streames frå Helsedirektoratet i Oslo 7. mai klokka 1300-1400. Det er gratis å delta.

Opptak av foredraga vil også bli publisert i etterkant på Helsedirektoratet si heimside, der du også kan finne meir informasjon om webinaret.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.