Smittevernplanane i Vestland er tilstrekkeleg oppdaterte

Kommunane i Vestland har fungerande smittevernplanar. Det viser oversikta vi har laga etter at koronaviruset braut ut i Kina. Vi oppmodar helsetenestene om å følgje med på nettsidene til Folkehelseinstituttet for oppdaterte råd.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.02.2020

Vi fekk i oppdrag frå Helsedirektoratet 31. januar om å få oversikt over smittevernplanar i kommunane, og eventuelt støtte kommunane viss det er trong for det. I gjennomgangen vi no har gjort, fann vi følgjande:

  • Vi har hatt nokså god oversikt over status for smittevernplanane i tidlegare Hordaland, men noko dårlegare for kommunane i Sogn og Fjordane.
  • Vi kontakta kommunane der vi ikkje hadde oversikt over status, og bad dei sende informasjon om dei har ein plan, i tillegg til når den var revidert sist.
  • Vi har hatt møte med dei ni nye (samanslåtte) kommunar og fekk dei til å informere om status hjå seg.
  • Vi har hatt dialog med kommuneoverlegen i Bergen og fått opplysningar om status for smittevernplan. Bergen kommune har mellom anna oppretta ein 24/7 samfunnsmedisinsk/smittevern-vakttelefon.

Med bakgrunn i dette så konkluderer vi med at alle kommunane i Vestland har ein tilstrekkeleg oppdatert og fungerande smittevernplan.

Fakta, råd og tiltak om koronaviruset

Vi oppmodar helsetenestene om å følgje med på nettsidene til Folkehelseinstituttet for oppdaterte råd. FHI har laga ein eigen rettleiar om 2019-nCoV som helsetenestene bør vere merksame på. Det er òg råd til innbyggjarane og andre yrkesgrupper som helsetenesta og fylkesmenn bør kjenne til.

Her finn du temasida om koronaviruset på Folkehelseinstituttet. 

Sjekk oppdateringar

Helsedirektoratet oppmodar helsepersonell til å sjekke oppdateringar som kjem på Folkehelseinstituttet sine nettsider med aktuelt fagstoff om viruset.

Les dokumentet «Håndtering av mistenk koronavirus-infeksjon i primær- og spesialisthelsetjenesten – informasjon til helsepersonell» her.

Det er utarbeidd særskilte råd til AMK-sentralar og kommuneoverlegar i flyplasskommunar.

Les meir i dokumentet «Rutiner for varsling og håndtering av passasjer med mistenkt koronavirus (2019-nCoV) på fly og flyplasser i Norge»

Helsedirektoratet minner om at kommunane har ansvar for å formidle vidare informasjon frå helsemyndigheitene til private helseaktørar, bedriftshelsetenester og helsetenester på norsk sokkel.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.