Råd om sosial distansering

Sosial distansering er ein måte å avgrense og seinke utbrotet av covid-19. Råda gjeld for befolkninga generelt, dei som er i heimekarantene og dei sjuke som skal vere i isolering. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.03.2020

Folkehelseinstituttet presiserer sine råd om sosial distansering på si nettside.

Tiltaka er strengare jo større smittefare du kan utgjere. Befolkninga generelt er ikkje i karantene, men skal halde større avstand enn vanleg. Dei som kan vere smitta, men ikkje er sjuke, er i karantene. Dei som er sjuke skal vere i isolering.

Les alle råda om kva som gjeld for sosial distansering for befolkninga generelt, for dei som er i heimekarantene og dei som er i heimeisolering på nettsida til Folkehelseinstituttet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.