Råd om personleg verneutstyr ved covid-19

For at personleg verneutstyr skal ha ønska effekt, må det nyttast på rett måte og til rett tid.

Personleg verneutstyr er eit viktig tiltak for å hindre smittespreiing av covid-19.

For å sikre utstyr til situasjonar der det er påkravd, er det viktig at ein i størst mogleg grad organiserer og planlegg arbeidet slik at ein reduserer behovet for utstyr, og at verneutstyret berre blir nytta når det er behov for det. For å dekke behovet er det også nødvendig å sjå på forlenga bruka, og gjenbruk utover det ein anbefaler ved normal drift.

Folkehelseinstituttet har råd for korleis best nytte verneutstyr, tiltak for å redusere behov for verneutstyr og prøvetaking ved covid-19. I tillegg er det laga tabellar for bruk av personleg verneutstyr ved undersøking, stell og pleie av pasientar med og utan symptom på akutt luftvegsinfeksjon og i ulike risikokategoriar for covid-19.

Les meir på heimesida til Folkehelseinstiuttet.