Opphevar stenginga av Myrkdalen Skisenter

Skisenteret er sjølv ansvarleg for at eventuell drift er smittevernfagleg forsvarleg, ut frå dei nasjonale påboda i covid-19-forskrifta. Vedtaket gjeld tilsvarande for alle skiheisanlegg i Voss herad.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.04.2020

På grunn av covid-19 vedtok Voss herad den 12. mars å stenge alle skiheisanlegg og overnattingsstader i heradet. Påbodet om stenging av overnattingsstader vart seinare oppheva frå 20. april, medan forbodet mot skiheisanlegg vart forlenga ut sesongen 2019/2020. Myrkdalen Fjellandsby AS klaga på denne forlenginga den 21. april.

Fylkesmannen har oppheva pålegget om stenging av skiheisanlegg, fordi vedtaket ikkje er tilstrekkeleg grunngjeve med lokale forhold. Det er også manglar ved delegeringa frå formannskapet til kommuneoverlegen, som gjer at vedtaket er ugyldig etter kommunelova.

Opphevinga betyr at skisenteret er sjølv ansvarleg for å halde nasjonale påbod i covid-19-forskrifta, og for at eventuell drift vert gjennomført smittevernfagleg forsvarleg. I klagen til Fylkesmannen har Myrkdalen Fjellandsby AS lagt ved ein detaljert driftsplan med tiltak, som syner korleis skisenteret ser for seg dette. Heradet kan rettleie og føre tilsyn med at eventuell drift vert gjennomført forsvarleg.

Her kan du lese heile vedtaket.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.