Helsepersonell frå Sverige skal testast

Svenske helsearbeidarar skal testast for covid-19 to gongar, med minimum 48 timar mellomrom, etter at dei har kome til Noreg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.07.2020

Norske helsetenester, både i kommunane og i sjukehus, er avhengige av vikartenester frå Sverige for å gi eit forsvarleg helsetilbod. Dei fleste helseføretaka har hatt gode rutinar for testing av vikarar frå Sverige, men med verknad frå 1. juli, har dette no blitt eit krav fastsett i forskrift.

Fram til første testsvar er klart, har helsearbeidaren karanteneplikt, og kan ikkje arbeide. Dersom den første testen er negativ, kan personen arbeide, men må vere i karantene på fritida. Dersom den andre testen er negativ, er personen unntatt frå karanteneplikt også på fritid.

Det vil vere anledning til å gjere unntak frå karantenekravet for personar som er strengt nødvendige for å oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar. Dette unntaket kan berre nyttast i heilt særskilde tilfelle.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.