Helsetilsynet har kartlagt smittevern i heimetenestene

Føremålet var å få oversikt over korleis kommunane har lagt til rette for å førebyggje og handtere koronasmitte.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.07.2020

Kartlegginga som vart gjennomført i eit representativt utval av kommunane i tida 4. – 12. juni 2020, viser at dei har gjort mykje for å handtere smitte. Samtidig er det område som er spesielt sårbare. Helsetilsynet meiner det er behov for betre planlegging og styrka beredskap på desse områda:

  • Opplæring i smittevern

    Helsetilsynet oppmodar kommunane om å vurdere risikoen ved å berre gi opplæring til nokre tilsette framfor å tilby opplæring til alt personell i heimetenestene.
  • Bemanning ved stort fråfall av tilsette

    Helsetilsynet tilrår at alle kommunane vurderer å lage samarbeidsavtalar med andre. For å sikre bemanning om det vert stort fråfall av personell, kan avtalar med nabokommunar vere avgjerande for å sikre rask tilgang på kvalifisert personell.
  • Mangel på smittevernutstyr

    Over ein tredel av kommunane mangla på eit tidspunkt smittevernutstyr. Fleire kommunar fortel òg at dei har hatt lite utstyr, og uttrykker bekymring for at lagera skal ta slutt raskt dersom det oppstår eit smitteutbrot.
  • Kommunikasjon om bruk av smittevernutstyr

    Helsetilsynet ser at det er behov for at kommunane kommuniserer retningslinene for bruk av smittevernutstyr ut til tilsette, brukarar, pasientar og pårørande. Slik bidreg dei til tryggleik om kva som er gjeldande tilrådingar og kvifor smittevernutstyr vert brukt på ein bestemt måte.
  • Forsvarleg tilbod om heimetenester til pasientar og brukarar

    Helsetilsynet understrekar at det må gjerast individuelle vurderingar av om det er forsvarleg å endre, redusere eller avslutte tilbodet om heimetenester til pasientar og brukarar. Kommunane må fortløpende vurdere og dokumentere om brukarar/pasientar får dekka behova sine i tilstrekkelig grad.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.