Helsedirektoratets anbefaling om tiltak mot utbrotet av koronavirus

Helsedirektoratet anbefaler å lette på nokre av tiltaka for å hindre spreiing av koronasmitte frå 20. april.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.04.2020

Det er framleis regjeringas strategi å slå ned på spreiing av viruset. Om vi ikkje lettar på tiltaka gradvis og kontrollert, kan epidemien blusse opp att, og då vil mykje av verdien av dugnaden gå tapt, heiter det i rapporten frå Helsedirektoratet til Helse- og omsorgsdepartementet.

Les heile rapporten og Helsedirektoratets anbefalingar om tiltak mot utbrotet av koronavirus i Norge her.

Nokre av anbefalingane frå Helsedirektoratet er som følgjer:

  • Stenging av barnehagar, barneskular og skulefritidsordningar blir oppheva frå 20. april. Det nasjonale tiltaket om stenging av ungdomsskular, vidaregåande skular og andre skular og utdanningsinstitusjonar blir halde oppe. I område med stor smitte, bør barnehagar, barneskular og fritidsordningar halde stengt. Folkehelseinstituttet bør utarbeide rettleiar som kommunen kan nytte når dei skal ta stilling til om desse institusjonane skal halde ope eller stengt.
  • Den nasjonale stenging av tenester som inneberer ein-til-ein kontakt som frisør, massasje, hudpleie og liknande blir oppheva frå 20. april. Desse verksemdene kan opnast under føresetnad at dei kan etablere tilstrekkelege hygieniske vernetiltak og lokal smittevernmynde finn det forsvarleg.
  • Målretta tiltak i område med meir utbreidd smitte er nødvendig. Dei bør vere lokalt forankra, men nasjonalt koordinert og i tråd med rettleiing frå nasjonale myndigheiter.
  • Helsetenesta bør snarast vurdere kva delar av ordinær drift som gradvis kan gjenopptakast ut i frå lokale føresetnader og oppdatert informasjon om viruset og utbreiing av epidemien.
  • Helsetenesta bør vurdere om rehabiliteringsklinikkar som er omdisponert til behandling av covid-19-pasientar bør førebuast på ordinær rehabilitering og då særleg lungerehabilitering. Ein bør arbeide for å gjenopprette helsetenester til barn og unge på eit normalt nivå og ordinær organisering.
  • Helseføretaka fortset å arbeide fr å skaffe tilstrekkeleg smittevernutstyr for å kunne handtere ein smittetopp både i spesialist- og kommunehelsetenesta.

Meir informasjon og fleire rapportar finn du på nettsida til Helsedirektoratet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.