Besøksordning i sjukeheimar må ikkje vere strengare enn smitterisikoen tilseier

Kommunane må så langt som råd leggje til rette for besøk i institusjonane og for at dei kan gjennomførast på ein forsvarleg måte.

Helsedirektoratet har gitt tilrådingar om besøk i helse- og omsorgsinstitusjonar og tiltak mot sosial isolering i «Koronarettleiaren» kapittel 9.

Vi oppmodar kommunane til å gjere ei ny vurdering av om restriksjonane i besøksordningane er tilpassa den lokale smittesituasjonen. Opplysningar frå kommunane i samband med rapportering til Helsedirektoratet kan tyde på at enkelte helse- og omsorgsinstitusjonar har strenge ordningar.

Restriktive ordningar må vere godt grunngjevne i smittevernbehov og vere forholdsmessige. Når restriktive besøksordningar er påkravd, er det viktig å informere pasientar og pårørande om vurderingane som ligg til grunn. Medverknad og tilrettelegging for besøk må vere innan ramma av kravet til forsvarleg verksemd, og i dette omsynet til naudsynt smittevern.  

I fasar der det er kontroll på smitten, må kommunane ha ei så normal drift av tenestene som mogeleg. Dette gjeld også besøk frå pårørande.

Dei kommunale helse- og omsorgsinstitusjonane må i ulike fasar av  covid-19-epidemien vurdere behov for besøk opp mot den aktuelle smitterisikoen. Vurderingskriterium for om, og korleis, besøk kan gjennomførast er omtalt i rettleiaren frå Helsedirektoratet. Kommuneoverlege/smittevernlege bør delta i vurderinga og utforminga av rutinane.