Nytt pakkeforløp skal hjelpe gravide med rusmiddelproblem

Pakkeforløp gravide og rusmiddel skal sikre at fleire gravide som slit med rusmiddelbruk får hjelp.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.10.2019

Kvart år vert det fødd over 500 barn med skadar og abstinensar som er direkte knytt til mors rusmiddelbruk, ifølgje Helsedirektoratet. 

Frå 1. januar 2020 vert pakkeforløp gravide og rusmiddel gjeldande. Det er eit pakkeforløp for gravide som slit med bruk av alkohol, illegale rusmidlar eller vanedannande legemidlar. Pakkeforløpet er for to, og omsyn skal takast både for det ufødde barnet og mora.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.