Lengre ventetid ved barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar

Helsetilsynets gjennomgang av statistikk for perioden mai 2019 til mai 2020, viser at ventetida ved barne- og ungdomspsykiatriske klinikkar gjekk opp i vår. 

Helsetilsynet har gått gjennom Helsedirektoratets statistikk for perioden mai 2019 til mai 2020, for å vurdere om koronapandemien påverka behandlingskapasiteten i barne- og ungdomspsykiatrien.

Kartlegginga viser at det òg ved poliklinikkane i Helse Vest var ei auke i ventetid våren 2020. Ventetida gjekk ned att i mai. Du kan lese meir i Helsetilsynets tilsynsrapport.