Ledige verv ved kontrollkommisjonane i Vestland

Det er ledige verv ved kontrollkommisjonane i Vestland. Søknadsfrist er 10. september.

Det skal vere ein kontrollkommisjon ved kvar institusjon der nokon er under psykisk helsevern, og Fylkesmannen oppnemner medlemmer til kontrollkommisjonane.

Hovudoppgåva til kontrollkommisjonen er å sikre rettstryggleiken til den enkelte i møtet med det psykiske helsevernet. Kommisjonen kontrollerer tvangsvedtak, behandlar klager og fører velferdskontroll.

Trykk på lenkene under for meir informasjon og søknadsprosedyre for dei ledige verva ved dei ulike kontrollkommisjonane.