Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Ledig verv i Kontrollkommisjonen for Haukeland


I Kontrollkommisjonen for Haukeland er det frå 1. juli 2021 ledig verv som legekyndig medlem. Søknadsfristen er 1. mars 2021.

Publisert 08.01.2021

Statsforvaltaren oppnemner medlemmer til Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern. Det skal vere ein kontrollkommisjon ved kvar institusjon der nokon er under psykisk helsevern.

Kontrollkommisjonen skal sikre rettstryggleiken

Hovudoppgåva til kontrollkommisjonen er å sikre rettstryggleiken til den enkelte i møtet med det psykiske helsevernet. Kommisjonen kontrollerer tvangsvedtak, behandlar klager og fører velferdskontroll. Kommisjonen har faste møte. Heile arbeidsdagen går med.

Kommisjonen har fire medlemmer med personleg varamedlem. Medlemmene blir oppnemnd for fire år, og kan reoppnemnast ein gong.

Som medlem i kontrollkommisjonen kan du for tida ikkje arbeide i det psykiske helsevernet eller ha andre bindingar til helseføretaket eller institusjonen. Du må ha interesse for psykisk helsearbeid og psykisk helsevern og like å samarbeide.

Kvalifikasjonar

Lege bør ha spesialitet i allmennmedisin og helst lang praksis som lege.

Godtgjering for arbeid i kontrollkommisjonen

Arbeid i kontrollkommisjonen blir godtgjort per time etter reglane i psykisk helsevernforskrifta §§ 64 – 68. Satsen er rekna i prosent av salærforskrifta § 2.

Reiseutgifter blir dekt etter særavtalen om dekking av utgifter til reise og kost innanlands. Nærare informasjon blir gitt ved oppnemning.

Søknad

Du må levere søknad for å bli oppnemnd til ein kontrollkommisjon. Søknaden skal gi følgjande opplysningar:

  • CV eller ei liknande oppstilling av utdanning og praktisk erfaring
  • kvifor du ønskjer å vere med i kontrollkommisjonen
  • opplysningar om du har vore medlem i kontrollkommisjonen tidlegare, kva kommisjon dette var og kva periode/periodar
  • opplysningar om andre aktuelle engasjement og tilsettingar (for habilitetsvurdering)
  • namn på to personar Statsforvaltaren kan kontakte for referansar

Habilitet

Frå «Rundskriv for fylkesmennene vedrørende oppnevning av medlemmer til kontrollkommisjonene i det psykiske helsevernet» IS-5/2014:

«Etter psykisk helsevernloven § 6-2 tredje ledd kan ingen oppnevnes som medlem av en kontrollkommisjon som skal føre kontroll med en del av det psykiske helsevern som vedkommende har ansvar for i sin vanlige stilling. Medlemmet bør heller ikke være ansatt i det psykiske helsevernet for øvrig.»

Send søknad til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger eller som e-post til: sfvlpost@statsforvalteren.no

Nærare opplysningar kan du få hos Marit Stornes og Mona Fauskanger, som du finn under «Kontaktpersonar».