Erfaringskonsulentar er viktige bidragsyterar

Ein ny rapport frå Høgskulen på Vestlandet viser at erfaringskonsulentar med ruserfaring gradvis har fått eit breiare spekter av oppgåver og roller.

Dei blir meir akseptert som viktige bidragsytarar, men mange saknar kollegastøtte og fagnettverk. Ei av dei største utfordringane er å kommunisera sin kompetanse som erfaringskonsulent på ein måte som er akseptabel for dei andre fagtilsette.

Rapporten er ein del av eit større aksjonsforskingsprosjekt der integrering av erfaringskompetanse i tenestene skal styrkast og beskriv korleis erfaringskonsulentar med bakgrunn frå rus opplever arbeidssituasjonen som erfaringskonsulent.

Du kan lese heile rapporten her.