Retten til individuell plan og koordinator blir i for liten grad teke vare på for personar med demens

Personar med demens sin rett til individuell plan og koordinator vert ikkje teke vare på slik den skal i altfor mange av kommunane våre. Mange kommunar har heller ikkje fleksible og differensierte aktivitets- og avlastningstilbod.

Det viser den nasjonale kartlegginga av kommunane sitt tenestetilbod til personar med demens, som Helsedirektoratet, med hjelp frå Nasjonal kompetanseteneste for aldring og helse, gjennomførte i oktober 2018.

31 av 33 kommunar i gamle Hordaland og alle 26 kommunane i gamle Sogn og Fjordane deltok i kartlegginga. Resultata frå kartlegginga syner at tenestetilbodet til personar med demens og deira pårørande må styrkast. Mange av kommunane våre bør ha auka innsats på arbeidet med å legge til rette  tenestetilboda til målgruppa.

Individuell plan og koordinator

Kommunen skal tilby koordinator til personar med behov for langvarige og koordinerte tenester. Dette gjeld også personar med demens. Dei som ønskjer det, skal få utarbeidd individuell plan. I nasjonal retningslinje for demens vert det tilrådd at personar med demens utan behov for hjelp frå fleire instansar over tid og deira pårørande også bør få tilbod om ein fast koordinator med kompetanse om demens.

I gamle Hordaland var det berre 10 av 31 kommunar som har rutinar/ordningar som inneber at alle personar med demensdiagnose får tilbod om ein individuell koordinator/kontaktperson uavhengig av omfang av hjelpebehov. 15 kommunar hadde rutinar/ordningar for å tilby ein individuell koordinator til personar med demens med behov for langvarige og koordinerte tenester, jf. forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator. 16 kommunar hadde rutinar/ordningar for å tilby individuell plan til personar med demens med behov for langvarige og koordinerte tenester.

I Sogn og Fjordane var det 12 kommunar som tilbydde individuell koordinator/kontaktperson uavhengig av hjelpebehovet. 16 kommunar hadde rutinar/ordningar for å tilby ein individuell koordinator til personar med demens med behov for langvarige og koordinerte tenester. 14 av kommunane hadde ordningar for å tilby individuell plan.

Dette tyder på at denne brukargruppa si rett til individuell plan og koordinator framleis ikkje vert teke vare på slik den skal i altfor mange av kommunane våre. Det er i så fall ei alvorleg svikt i styringa av tenestetilbodet til personar med demenssjukdom. Det er eit leiaransvar å rette opp og sikre at lovkrava vert etterlevde.

Tilrettelagde dagtilbod

Eit av måla i Demensplan er at personar med demens skal få høve til å leve eit aktivt liv. Pårørande skal få støtte og avlasting. Pårørandeskular og samtalegrupper er tiltak retta mot pårørande. Personar som sjølv har demens skal få tilbod om eigne brukarskular og aktivitetstilbod. Frå 1. januar 2020 har kommunane plikt til å tilby eit dagaktivitetstilbod til heimebuande demente.

25 kommunar i gamle Hordaland hadde per 1. oktober 2018 dagaktivitetstilbod spesielt tileigna til- og tilrettelagt for personar med demens. Berre 4 hadde dagaktivitetstilbod for personar med demens i andre tidsrom enn på dagtid i vekedagane.

Av dei 26 kommunane i gamle Sogn og Fjordane var det to kommunar som ikkje hadde eit dagaktivitetstilbod som er spesielt tilrettelagt for personar med demens. Samstundes var det berre ein kommune som har dagaktivitetstilbod i andre tidsrom enn på dagtid vekedagane.

Kartlegginga syner at kommunane ikkje har fleksible og differensierte aktivitets- og avlastingstilbod i dag. Kommunane som ikkje har organisert eit dagaktivitetstilbod til heimebuande eldre har kort tid på seg til å legge til rette eit dagaktivitetstilbod dersom dei ikkje skal bryte lova frå 1. januar 2020.

Les meir om kartlegginga i nyhendesakene som du finn under «Lenkjer». Der finn du også den nasjonale kartlegginga og Demensplan 2020. Utvalde resultat frå kartlegginga i Sogn og Fjordane og Hordaland finn du under «Dokument».