Påminning om den obligatoriske øyeblikksundersøkinga i sjukeheimar våren 2019

Øyeblikksundersøkingane (prevalensundersøkingane) skal gjennomførast ein dag i veke 21, 20. – 24. mai, når sjukeheimslegen er til stades. Innleveringsfrist er 19. juni og dataverktøyet PIAHnett skal nyttast.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.05.2019

Ifølgje NOIS-registerforskriften er det obligatorisk for sjukeheimane å delta i prevalensundersøkinga, både i registrering av helsetenesteassosierte infeksjonar og antibiotikabruk. Fylkesmannen i Vestland oppmodar difor alle sjukeheimane i dei to fylka til å delta.

Ei fullstendig skildring av undersøkinga finn du på nettsida til Folkehelseinstiuttet.

I PIAHnett har du tilgang på resultat frå eigen sjukeheim, sjukeheimar i eigen kommune, eige fylke og heile landet. Helsedirektoratet publiserar kvalitetsindikatorar som viser andel sjukeheimar per kommune og fylke, som deltek i undersøkinga av helsetenesteassosierte infeksjonar, og førekomsten av helsetenesteassosierte infeksjonar og antibiotikabruk på www.helsenorge.no.

Sjå e-post frå Folkehelseinstituttet for kontaktinformasjon om du har spørsmål til undersøkinga. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar