Nasjonal informasjonskampanje om demens

Kampanjen har som mål å bygge ned stigma, og å få fleire som har symptom på kognitiv svikt til å søke utgreiing.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.02.2020

Å fange opp personar med teikn på demens og å få satt ei diagnose til rett tid, er viktig for å kunne gi personar med demens eit best mogleg liv.  Kampanjen er ein del av regjeringa sin Demensplan 2020.

Informasjonskampanjen startar i midten av mars med varigheit til midten av april. For å nå flest moglege i alle aldersgrupper, blir det nytta fleire informasjonskanalar.

Førebuing i helse- og omsorgstenestene

Kampanjen kan medføre at fastlegar og kommunar får auka pågang av personar med demens eller mistanke om demens. Under planlegginga av kampanjen kom det fram at det er behov for større kjennskap til tilbod og tenester for personar med demens og deira pårørande.

Kommunane oppfordrast difor til å  informerer fastlegar og innbyggjarar om tilgjengelege tilbod. Helsedirektoratet vil også sende ut informasjon til fastlegar, kommunar, fylkesmenn og utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenesta (USTH) i forkant av informasjonskampanjen. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.