Kommunen må betale for nødvendige medisinar ved avlastingsopphald

Helsedirektoratet har i ei tolkingsfråsegn avklara at kommunane pliktar å betale for nødvendige medisinar ved avlastningsopphald i kommunale helseinstitusjonar. Dette gjeld når formålet med korttidsopphaldet i sjukeheim eller annan institusjon er å avlaste pårørande for deira omsorgsoppgåver.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.04.2019

Praktisk betydning

Regelverket er ikkje til hinder for at kommunane kan be pasienten om å ta med seg faste medisinar til avlastingsopphald, noko som kan vere både praktisk og i tråd med pasientens ønske. Kommunen kan likevel ikkje krevje at pasienten tek med seg medisinar, eller at pasienten sjølv skal dekkje utgiftene til medisinar som er nødvendige under avlastingsopphaldet.

Relevant regelverk

Kommunen pliktar å syte for at personar som oppheld seg i kommunen får tilbod om nødvendige helse- og omsorgstenester, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-1. Det er kommunen som er ansvarleg for tenestene. Kommunen kan berre krevje betaling for tenester så langt det er fastsett i lov eller forskrift, jf. helse- og omsorgstenestelova § 11-2.

Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester regulerer kva tenester kommunen kan krevje vederlag for. I forskrifta § 1 står det at "… Det kan likevel ikke kreves egenandel for: Korttidsopphold som primært ytes for å avlaste pårørende i deres omsorgsoppgaver …"

Av § 7 følgjer det at ein eventuell eigenandel skal inkludere nødvendige medisinar. Helsedirektoratet legg til grunn at dette òg gjeld ved korttidsopphald som kommunen ikkje kan krevja eigenandel for.

Heile tolkingsfråsegna frå Helsedirektoratet finn du under fana "Dokument".

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.