Klage på eigenbetaling for institusjonsopphald

Helse- og omsorgsdepartementet har avklart at næraste pårørande ikkje har klagerett på vegne av vaksne som manglar samtykkekompetanse. Om vedkommande manglar samtykkekompetanse og difor ikkje kan gje fullmakt, må det oppnemnast verje for å klage.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.07.2019

Etter pasient- og brukarrettslova paragraf 7-2 er det pasienten eller brukaren eller representanten deira som har rett til å klage på avgjerder om rettar i nemnde lov. Representant for vaksne vil vere verje eller den som har skriftleg fullmakt.

Kva betyr dette for klager på eigenbetaling for institusjonsopphald?

Når kommunen mottek klage på eigenbetaling eller eigendel for institusjonsopphald, anten det er løpande månadleg betaling eller etteroppgjer, gjeld reglane i pasient- og brukarrettslova paragraf 7-2. Kommunane må sikre at den som har signert klagen har klagerett. Erfaring frå saksfeltet viser at det i stor grad er pårørande, altså ektefelle/sambuar, born eller andre slektningar som klager på vegne av bebuar.

Kven treng fullmakt?

Om klagen kjem frå ein annan enn bebuar sjølv, må klagar leggje frem fullmakt frå bebuar. Om det er verje som klager på vegne av bebuar, er det ein fordel at verje legg fram verjefullmakta for å klargjere kva verjemålet gjeld. Fullmakta sendast inn saman med klagen, og skal følgje med dersom klagen går vidare til Fylkesmannen. Advokatar som representerer bebuar direkte treng ikkje leggje frem fullmakt.

Bebuar er ikkje samtykkekompetent

Om bebuar ikkje er samtykkekompetent, og difor ikkje kan gje fullmakt, må det oppnemnast verje med mandat innan økonomi som kan klage på kommunen sitt vedtak om eigenbetaling. Om kommunen og/eller klageinstansen vert gjort merksam på at eit vedtak om eigenbetaling bør vurderast på nytt av til dømes næraste pårørande som ikkje har fullmakt før det er oppnemnd verje, har kommunen og klageinstansen høve til å gjere om på vedtaket etter forvaltningslova paragraf 35, om vilkåra for det er til stades.

Dødsbu

Om bebuar er død, er det dødsbuet som kan klage. Ein skifteattest viser kven som har tatt over dødsbuet. Om det er fleire arvingar i dødsbuet, er det praktisk at ein av arvingane får fullmakt frå dei andre til å klage på vegne av dødsbuet. Om det ikkje finnst ei slik fullmakt, må alle arvingane signere klagen. Skifteattest og eventuell fullmakt frå arvingane sendast inn saman med klagen, og skal følgje med dersom klagen vert sendt til Fylkesmannen.

Les meir om klagerett for andre saker innan helse- og omsorgsfeltet her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.