Hepatitt C skal eliminerast som folkehelseproblem i Noreg

Førekomsten av hepatitt C skal reduserast med 90 prosent innan utgangen av 2023, og ingen i Noreg skal døy eller bli alvorleg sjuke som årsak av hepatitt C-virus.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.06.2019

Dette seier Helse- og omsorgsdepartementet sine to hovudmål i Nasjonal strategi mot hepatitter 2018-2023.

Ansvar og oppgåver

Ein implementeringsplan for å nå desse måla er laga. Denne omtalar kommunane og helseføretaka sine ansvar og oppgåver, og inneheld nasjonale faglege råd. Planen er laga av Helsedirektoratet. Les meir i brev frå Helsedirektoratet.

Planen skal hjelpe kommunane og helseføretaka til å gjennomføre sørgje-for-ansvaret for å førebyggje smitte, diagnostisere og behandle alle med kronisk hepatitt C, slik at målet om å eliminere hepatitt C-infeksjon som folkehelseproblem blir nådd. Dette er ikkje eit nytt ansvar eller nye oppgåver. Det kan bli behov for ekstra innsats frå helsepersonell, og det stiller krav til organisering, ressursar og gjennomføring i ein tidsavgrensa periode.

Helse- og omsorgsdepartementet har òg gitt helseføretaka i oppdrag å gå i dialog med alle kommunane i sin region for å avtale korleis dei best kan organisere samarbeidet.

Gratis og enkelt tilgjengeleg brukarutstyr

Kommunen skal ha ordningar som gjer brukarutstyr for injeksjon gratis og enkelt tilgjengeleg for alle injiserande stoffmisbrukarar som bur eller midlertidig oppheld seg i kommunen. Dette følgjer av smittevernlova.

Fylkesmannen følgjer med på smittevernarbeidet i kommunane

Fylkesmannen er beden om å følgje med på om utdeling av nødvendig brukarutstyr er ein del av planen for kommunen sin helse- og omsorgsteneste (jamfør smittevernlova paragraf 7-1 tredje ledd), og at det er etablert tiltak som gjer brukarutstyr gratis og enkelt tilgjengeleg. Fylkesmannen vil difor om kort tid sende ut eit skjema for kartlegging av status i kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.