Omsorgstenester

Alle kommunar skal yte tenester til den som ikkje klarer seg sjølv og er avhengig av praktisk eller personleg hjelp til å greie daglege gjeremål, eller har spesielle behov. Årsaka kan vere sjukdom, funksjonshemming, alder eller anna.

Omsorgstenester skal organiserast slik at brukar så langt som mogleg kan leve og bu sjølvstendig og ha eit aktivt og meiningsfullt liv i fellesskap med andre. Omsorgstenester skal utformast i samråd med brukaren. Kommunane har ansvar for tenestetilbodet til alle menneske med behov for pleie- og omsorgstenester, uavhengig av alder eller diagnose. 

Det finst fleire typar omsorgshjelp

Hjelp til den enkelte kan bli gitt som råd og rettleiing, heimehjelp, heimesjukepleie, personleg assistanse eller anna praktisk hjelp, støttekontaktar, og avlasting eller lønn til personar med særleg tyngjande omsorgsarbeid.

Omsorgsbustad er ikkje omsorgshjelp

Tildeling av omsorgsbustad er ikkje heimla i helse- og omsorgslova, og er altså i utgangspunktet ein ordinær utleigebustad. Kommunen kan yte teneste og hjelp til den som ikkje klarer seg sjølv i ein slik bustad, på lik linje med i ordinære heimar.

Du kan klage på omsorgshjelp

Du kan klage dersom du meiner du ikkje får dei omsorgstenestene du har krav på, eller dersom du er ueinig i kommunens vurdering av behovet ditt. For at den som har gjort vedtaket du er ueinig i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klaga til kommunen. Dersom klaga ikkje når fram, blir ho send vidare til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. I ei av lenkjene til høgre finn du meir informasjon om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester.

Vis meir


16.01.2020

Kommunane må planlegge for eit meir demensvenleg samfunn

Målet med Demensplan 2020 er å skape eit meir demensvenleg samfunn som tek vare på og integrerer personar med demens i fellesskapet. Det er langt att til målet for mange av kommunane i Vestland.

17.12.2019

Leve heile livet - ei samfunnsreform

For å få meir heilskapleg planlegging må ein tenke på Leve heile livet som ei samfunnsreform. Det var klart bodskap frå Leve heile livet-konferansane i Førde og Bergen.  

15.11.2019

Handlingsplan skal gi betre smittevern

Ein handlingsplan med 37 tiltak skal redusere førekomsten av helsetenesteassosierte infeksjonar, og betre organiseringa og strukturen av smittevernet i Norge.

31.10.2019

Påminning om den obligatoriske øyeblikksundersøkinga i sjukeheimar

Øyeblikksundersøkingane (prevalensundersøkingane) skal gjennomførast ein dag i veke 45, mellom 4.-8. november, når sjukeheimslegen er til stades. 

22.10.2019

Alle har ei plikt til å hindre vald og overgrep

Dersom du veit, eller trur, at nokon kan bli utsett for vald eller overgrep, kan du ha ei lovpålagt plikt til å forsøke å hindre at det skjer.   

18.10.2019

Helsepersonell med pasientkontakt skal ha tilbod om gratis vaksine

I Norge døyr rundt 900 menneske som følgje av influensa kvart år. Ein del av desse er smitta av helsepersonell.

10.10.2019

Korleis skal vi planlegge for eit aldersvenleg samfunn?

Bli med på Leve heile livet-konferanse i Førde 28. november eller Bergen 3. desember! Påmeldingsfristen er 15. november, og Fylkesmannen i Vestland dekker dagpakke for konferansedeltakarane. 

25.09.2019

Nytt tilskot skal styrke måltidsopplevinga for eldre

Frå 1. oktober kan kommunar søke om tilskot til lokalkjøken i sjukeheimar og omsorgsbustader.

18.07.2019

Klage på eigenbetaling for institusjonsopphald

Helse- og omsorgsdepartementet har avklart at næraste pårørande ikkje har klagerett på vegne av vaksne som manglar samtykkekompetanse. Om vedkommande manglar samtykkekompetanse og difor ikkje kan gje fullmakt, må det oppnemnast verje for å klage.

11.07.2019

Klagerett på avgjerder om helse- og omsorgstenester

Dei næraste pårørande har, som regel, ikkje klagerett på vegne av vaksne som manglar samtykkekompetanse. For dei som manglar samtykkekompetanse må det oppnemnast verje, dersom vedkommande sjølv ikkje kan gi gyldig fullmakt.