Omsorgstenester

Alle kommunar skal yte tenester til den som ikkje klarer seg sjølv og er avhengig av praktisk eller personleg hjelp til å greie daglege gjeremål, eller har spesielle behov. Årsaka kan vere sjukdom, funksjonshemming, alder eller anna.

Styresmaktene har vedteke “Omsorgsplanen 2015”, som tek for seg langsiktige strategiar og tiltak for å sikre gode og offentlege tenester for alle eldre og omsorgstrengande. Dei viktigaste satsingsområda er fleire tilsette i omsorgstenestene, meir kunnskap, auka samhandling og medisinsk oppfølging, forsking og kvalitetsutvikling, aktiv omsorg med vekt på kulturelle og sosiale tiltak og partnarskap med familie og lokalsamfunn.

Fylkesmannen skal vere ein pådrivar for at kommunane set omsorgstenester på dagsordenen for å møte utfordringar i framtida.

Det finst fleire typar omsorgshjelp

Hjelp til den enkelte kan bli gitt som råd og rettleiing, heimehjelp, heimesjukepleie, personleg assistanse eller anna praktisk hjelp, støttekontaktar, og avlasting eller lønn til personar med særleg tyngjande omsorgsarbeid.

Omsorgsbustad er ikkje omsorgshjelp

Tildeling av omsorgsbustad er ikkje heimla i helse- og omsorgslova, og er altså i utgangspunktet ein ordinær utleigebustad. Kommunen kan yte teneste og hjelp til den som ikkje klarer seg sjølv i ein slik bustad, på lik linje med i ordinære heimar.

Du kan klage på omsorgshjelp

Du kan klage dersom du meiner du ikkje får dei omsorgstenestene du har krav på, eller dersom du er ueinig i kommunens vurdering av behovet ditt. For at den som har gjort vedtaket du er ueinig i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klaga til kommunen. Dersom klaga ikkje når fram, vil ho bli send vidare til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. I ei av lenkjene til høgre finn du meir informasjon om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester.

Vis meir


21.06.2019

Hepatitt C skal eliminerast som folkehelseproblem i Noreg

Førekomsten av hepatitt C skal reduserast med 90 prosent innan utgonga av 2023, og ingen i Noreg skal døy eller bli alvorleg sjuke som årsak av hepatitt C-virus.

08.05.2019

Påminning om den obligatoriske øyeblikksundersøkinga i sjukeheimar våren 2019

Øyeblikksundersøkingane (prevalensundersøkingane) skal gjennomførast ein dag i veke 21, 20. – 24. mai, når sjukeheimslegen er til stades. Innleveringsfrist er 19. juni og dataverktøyet PIAHnett skal nyttast.

30.04.2019

Leve heile livet - kvalitetsreform for eldre

Kommunal planlegging og samfunnsplanlegging vert eit sentralt verkemiddel i gjennomføringa av reforma. Kommunane er inviterte til dialogmøte om reformarbeidet.

23.04.2019

Nasjonal handlingsplan for pasientsikkerhet og kvalitetsforbedring

Arbeidet med å betre pasienttryggleik og redusere pasientskadar skal styrkjast.

05.04.2019

Kommunen må betale for nødvendige medisinar ved avlastingsopphald

Helsedirektoratet har i ei tolkingsfråsegn avklara at kommunane pliktar å betale for nødvendige medisinar ved avlastningsopphald i kommunale helseinstitusjonar. Dette gjeld når formålet med korttidsopphaldet i sjukeheim eller annan institusjon er å avlaste pårørande for deira omsorgsoppgåver.

29.03.2019

Markering av den nasjonale handhygienedagen 5. mai 2019

Handhygiene er eit svært viktig tiltak i kampen mot antibiotikaresistens og helsetenesteassosierte infeksjonar. Markeringa er ein viktig del av det førebyggande arbeidet.

15.03.2019

Habilitering og rehabilitering i kommunane – kva er status i 2019?

Helsedirektoratet sender om kort tid ut ei spørjeundersøking med svarfrist 5. april 2019.

21.01.2019

Rapportering 2018 - kompetanse- og innovasjonstilskotet

Kommunar i Hordaland som har fått kompetanse- og innovasjonstilskot i 2018, må rapportera innan 22. mars 2019. For kommunar i Sogn og Fjordane er rapporteringsfristen 1. april 2019.