Ungdom får ikkje alltid nødvendig hjelp av Fjell kommune

Fjell kommune sikrar ikkje at alle ungdomar som har eller har hatt tenester frå barnevernstenesta får den hjelpa dei treng.

Det viser tilsynet som Fylkesmannen gjennomførte i september 2019. Tilsynet avdekte gjennomgåande svikt i kommunen sitt arbeid med å sikre at ungdom som treng det får forsvarleg ettervern frå barnevernstenesta eller forsvarlege sosiale tenester frå Nav. 

Manglar ved styring og leiing

Tilsynet med Fjell kommune viste at verken barnevernleiaren, sosialsjefen, Nav-leiaren eller rådmannen i Fjell kommune, har hatt god nok styring og kontroll med kva oppfølging og hjelp ungdomar får av barnevernstenesta og Nav. Styringstiltaka frå kommunen sikrar ikkje at alle ungdomar får medverke i spørsmål som gjeld kva hjelp dei treng og korleis dei skal få hjelpa. Styringstiltaka sikrar heller ikkje at barnevernstenesta og Nav opplyser alle saker godt nok til å vurdere ungdomens hjelpebehov og aktuelle tiltak, eller at dei to tenestene samarbeider om å få til heilskaplege, individuelt tilpassa tenester til ungdom som har eller har hatt tenester frå barnevernstenesta.

Tilsynet viste òg at kommunens styringstiltak ikkje fangar opp at det manglar dokumentasjon av medverknad og faglege vurderingar både i barneverntenesta og i Nav.  Dette gjer at verken tenesteleiarane eller rådmannen kan vite sikkert om ungdomane har fått nødvendig hjelp av barnevernstenesta og Nav. Kommunen har ikkje nok opplysningar om kvar enkelt ungdom til å føre kontroll med dette. Desse manglane ved kommunens styring kan føre til at ungdomar ikkje får den hjelpa dei treng og har rett til etter barnevernlova og sosialtenestelova.

Fjell kommune må innan 21. november melde tilbake til Fylkesmannen om kva dei vil gjere for å hindre slike lovbrot for framtida.

Landsomfattande tilsyn

Tilsynet er del av eit landsomfattande tilsyn i 2019. Fylkesmannen i Vestland gjennomfører tre slike tilsyn, med til saman tre barnevernstenester og fem Nav-kontor. Tilsvarande tilsyn har tidlegare avdekt lovbrot hos Nav Voss.

Fullstendig rapport finn du under «Lenkjer».