Økonomisk stønad til reise til ambassade utanfor Noreg

Sosialtenestelova gjeld for alle som oppheld seg i Noreg. Korleis skal Nav vurdere søknader om sosialstønad til å reise til ambassadar utanfor Noreg?

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.07.2019

Fleire somaliske borgarar har fått brev frå UDI om at dei ikkje lenger kan få reisebevis frå norske myndigheiter og at dei må få dette på ein somalisk ambassade. Dei næraste somaliske ambassadane er i Roma og Brussel. Dei dette gjeld må no reise dit både for å søkje, og seinare for å hente passet. Korleis skal Nav-kontora vurdere søknader om sosialstønad til å reise til ambassaden?

Arbeids- og velferdsdirektoratets vurdering

Arbeids- og velferdsdirektoratet har ansvaret for tolking av sosialtenestelova, og direktoratet har fått spørsmålet frå Fylkesmannen i Oslo og Viken.  Ein slik søknad om økonomisk stønad må vurderast opp mot sosialtenestelovas verkeområde, ifølgje direktoratet. Det går fram av sosialtenestelova at lova gjeld for alle som oppheld seg i Noreg. Direktoratet slår fast at ordlyden i denne regelen medfører at ein må opphalde seg i Noreg for å kunne ha rett til tenester etter sosialtenestelova. Det er ikkje tilstrekkeleg at søkjaren oppheld seg i Noreg på søknadstidspunktet eller vedtakstidspunktet. Det avgjerande er om søkjaren skal nytte stønaden til livsopphald i Noreg. Direktoratet slår fast at ein søkjar dermed ikkje kan ha krav på økonomisk stønad etter sosialtenestelova til reise og opphald i utlandet for å skaffe pass.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.