Nav må sørgje for at dei som treng sosialhjelp får hjelp

Når Nav-kontora stengjer for publikumsbesøk på grunn av smittefare, så har kommunane ansvar for å oppretthalde tenestene til dei som har behov for stønad til livsopphald.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.03.2020

Kommunane må sjå til at dei mest utsette brukarane får kontakt med Nav når dei treng hjelp. Dette gjeld også dei som ikkje meistrar eller har tilgang til internett, og dei som ikkje har telefonabonnement.

Kommunane må setje Nav-kontora i stand til å behandle sosialhjelpssøknader frå eventuelle nye brukargrupper i samband med koronapandemien. Kommunane må også sjå til at barnefamiliane sine behov vert teke vare på når barnehagar og skular er stengde.

Kommunane må finne praktiske løysingar som sikrar at også brukarar som er i karantene får den sosialhjelpa dei har krav på.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har laga ei nettside med informasjon til kommunane om sosialhjelp i samband med koronapandemien.

Her finn du informasjon frå Arbeids- og velferdsdirektoratet til kommunane.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.