Nav-kontoras opningstider

I eit brev til landets fylkesmenn no i juli presiserer Arbeids- og velferdsdirektoratet at det ikkje ligg føre krav til dagar og timar som Nav-kontora skal vere opne.

Direktoratet skriv at Nav-kontoras opningstider må avklarast lokalt. Dei presiserer likevel at avgrensa opningstider må grunngjevast, for eksempel når Nav ikkje held ope dagleg eller har svært korte opningstider. Vi legg til grunn at kravet om grunngjeving også gjeld for reduksjonar i opningstida på sommaren. Vidare skriv dei at fylkesmannen her rett og plikt til å undersøke opplysningar om avgrensa tilgjengelegheit, til dømes ved delvis stengde eller avgrensa opningstider i publikumsmottak.

Klikk her for å lese heile brevet frå Arbeids- og velferdsdirektoratet av 2. juli 2020