Når kan Nav gi sosialstønad som lån?

Nav kan gi økonomisk stønad som bidrag, lån, garanti for lån, eller varer og tenester. Nav bør vurdere økonomisk stønad i form av lån i forhold til om sosialhjelpssøkjaren vil bli i stand til å betale tilbake lånet.

Publisert 10.07.2020, Sist endra 06.06.2023

Arbeids- og velferdsdirektoratet har i oppgåve å tolke sosialtenestelova, og tolkingane er samla i rundskriv 35. I rundskrivet er det presisert at Nav berre kan gi stønad som lån dersom sosialhjelpssøkjaren på søknadstidspunktet har midlar, eller ein rett til midlar, som faktisk ikkje er tilgjengelege.

Fordi vi gjennom fleire klagesaker har sett at Nav og Fylkesmannen forstår desse tolkingane ulikt, såg vi behov for å få ytterlegare avklaringar. Vi bad derfor Arbeids- og velferdsdirektoratet om å avklare kva som ligg i omgrepa «ein rett til midlar» og «i ferd med». Vi sende også eit brev med eit tilleggsspørsmål til Arbeids- og velferdsdirektoratet om Nav sin moglegheit til å gi sosialstønad som lån.

Svaret frå Arbeids- og velferdsdirektoratet kan du lese i dette dokumentet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.