Ekstra tilskot til tolv Nav-kontor i Vestland

Fylkesmannen i Vestland har utbetalt 6,1 millionar kroner i tilskot til dei sosiale tenestene i Nav. Pengane skal hjelpe Nav til å setje i verk tiltak for å handtere konsekvensar av koronapandemien.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.10.2020

Tilskotet skal støtte omstilling og nye arbeidsmåtar for å handtere eit auka behov for tenester etter sosialtenestelova, som følgje av koronapandemien/covid‐19. Dei 6,1 millionar kronene som vi har betalt ut skal i all hovudsak nyttast til ekstra personellressursar på Nav-kontora.

Midlar til disposisjon

Arbeids‐ og velferdsdirektoratet stilte i alt 4 761 590 kroner til rådvelde for tilskot til Nav‐kontora i Vestland. I tillegg la vi til 1 323 000 kroner som ikkje er nytta frå andre budsjett, slik at vi i alt kunne utbetale 6 100 000 kroner i tilskot. Dei ekstra midlane frå andre budsjett gjekk inn i tilskotet som vi gav til Bergen kommune.

Fordeling av tilskot

Til saman søkte kommunane i Vestland om 12 698 000 kroner i tilskot, og vi hadde midlar til å innvilge litt under halvparten av det kommunane søkte om. Dei 6,1 millionar kronene er fordelt slik:

Bergen sør

1 500 000

Bergen nord

1 500 000

Alver

500 000

Sunnfjord

500 000

Høyanger

300 000

Bømlo

300 000

Ullensvang

250 000

Ulvik

250 000

Aurland

250 000

Askøy

250 000

Stord og Fitjar

250 000

Sveio

250 000

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.