Barnefamiliar fekk ikkje alltid nødvendig hjelp frå Nav Vaksdal

Vedtak om økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn, byggjer ikkje på forsvarlege kartleggingar og vurderingar. Dette kan ha ført til at barn i familiar med låg inntekt ikkje har fått den hjelpa dei skulle ha hatt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.09.2019

Fylkesmannen gjennomfører i år tre tilsyn der vi ser på kommunane sine vedtak om økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn. To tilsyn er gjennomført, der vi finn dei same lovbrota. Det første tilsynet viste at barnefamiliar ikkje alltid får hjelp frå Nav Kvinnherad.

Dette kjem også fram i tilsynet som Fylkesmannen gjennomførte med Nav Vaksdal i juni 2019. Kommunen har ikkje ordningar som sikrar at barnefamiliar sin situasjon og behov vert godt nok kartlagt, og at det vert utøvd forsvarleg skjøn. 

Manglar ved styring og leiing

Leiinga har ikkje fanga opp at det mangla individuelle vurderingar i sakene. Manglande dokumentasjon gjer at leiinga i kommunen ikkje kan vite om søkjarane har fått nødvendig hjelp av Nav. Kommunen har ikkje nok opplysningar om kvar enkelt søkjar til å kontrollere dette. Desse manglane ved kommunens styring og leiing kan føre til at søkjarar med forsytaransvar for barn ikkje får den økonomiske stønaden dei har rett til etter sosialtenestelova. Kommunen har såleis ikkje sikra at barn i familiar med låg inntekt får det dei treng.

Kommunen må innan 25. oktober melde tilbake til Fylkesmannen om kva dei vil gjere for å hindre slike lovbrot for framtida.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.