Nettverk for økonomiske rådgjevarar

Fylkesmannen i Vestland held fram med nettverkssamlingar i Bergen for økonomiske rådgjevarar og gjeldsrådgjevarar tilsett i Nav-kontora i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Nettverket er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som arbeider med økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving. Fylkesmannen er vertskap.

Nettverket har ei arbeidsgruppe som set tema for samlingane og bidreg med faglege innspel. I arbeidsgruppa sit fire økonomiske rådgjevarar og gjeldsrådgjevarar frå Nav-kontor i dei to fylka og to tilsette frå Fylkesmannen i Vestland. Deltakarane i nettverket vert oppmoda til å komme med innspel på aktuelle tema, problemstillingar og case som dei ynskjer å diskutere i møta. Vi inviterer òg eksterne foredragshaldarar til samlingane.

Har du spørsmål om nettverket? Kontaktinformasjon finn du under «Kontaktpersonar­» på denne sida.

Tidspunkt for møta i 2019

Vi legg ut informasjon om tema for samlingane så snart dei er klare. Påmeldingsskjema kjem ut når samlingane nærmar seg. Vi tek atterhald om endringar.


Medlemmar i arbeidsgruppa

  • Anne Lise Heggestad, Nav Årdal
  • Mette Anette Herland, Nav Sund
  • Anita Ommedal, Nav Bergenhus
  • Geir Arne Kvam, Nav Luster
  • Elisabeth Lund-Iversen, Fylkesmannen i Vestland
  • Inger-Helene Søgnen, Fylkesmannen i Vestland