Fylkesmannen er ikkje klageinstans for avtalar om frivillig offentleg forvaltning

Når kommunen eller Nav-kontoret inngår avtale om frivillig offentleg forvaltning skjer dette innanfor det privatrettslege området, ettersom dei ikkje har plikt til å tilby slike tenester.

Frivillig offentleg forvaltning er inga lovpålagt oppgåve, men mange Nav-kontor og kommunar tilbyr dette til personar som treng hjelp til å styre økonomien. Den som inngår avtale om frivillig offentleg forvaltning treng ikkje ha faste ytingar frå Nav. Ein forvaltningsavtale kan vere tidsuavgrensa eller ha sluttdato, og kan seiast opp av begge partar, ettersom avtalen er frivillig.

Klage?

Det hender at rutinane ved Nav-kontoret eller kommunen sviktar, eller at personen som får økonomien sin forvalta av andre grunnar er misnøgd med måten økonomien vert forvalta på. Fylkesmannen mottek henvendingar og klager på slike forhold, men vi har ikkje heimel til å behandle slike klager. Ei avtale om frivillig offentleg forvaltning er ikkje ei teneste etter sosialtenestelova, og Fylkesmannen har difor ikkje heimel til å ta stilling til klagen.

Dei som er misnøgde med handteringa av den frivillige offentlege forvaltninga dei mottek, må ta kontakt med Nav-kontoret eller kommunen, eventuelt overordna instans i kommunen og presentere problemet. Alternativt kan dei kontakte byombod/brukarombod.

Rettleiar frå direktoratet

Som hjelp for Nav-kontor og kommunar som vil tilby frivillig offentleg forvaltning, har Arbeids- og velferdsdirektoratet laga ein skriftleg rettleiingsrutine, klikk her.

Arbeids- og velferdsdirektoratet presiserer i rettleiingsrutinen at frivillig offentleg forvaltning av einskildpersonars økonomi ikkje er dekt av kommunane si plikt til internkontroll og Fylkesmannens tilsynsansvar etter sosialtenestelova.