Endringar i privatøkonomien grunna koronaviruset

Fleire opplever reduksjon i inntekta si på grunn av koronakrisa. Får du vanskar med å betale utgiftene framover, bør du gå gjennom økonomien din allereie no.

Det er fleire ting du kan gjere når økonomien din endrar seg.

Tips og råd på nett

Nav har laga ein videosnutt med praktiske råd. Filmen kan du sjå ved å trykke på denne lenka.  

Fleire tips og råd om økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving finn du på nettsida til nav.no.  

Treng du meir hjelp med økonomien, tilbyr Nav gratis økonomisk rådgjeving på fleire måtar.

Nav gjeldsrådgjevingstelefon og chat

Hos Nav gjeldsrådgjevingstelefon; 55 55 33 39 kan du få enkle og generelle råd på telefon og chat.

Opningstid for telefon og chat finn du på Nav sine sider. 

Tenesta er gratis og anonym, og er eit supplement til tenesta økonomisk rådgjeving som Nav-kontoret tilbyr.

Økonomisk rådgjeving i Nav-kontoret

Om du ikkje klarar å ordne opp i økonomien din sjølv, eller treng meir hjelp enn det du kan få via gjeldsrådgjevingstelefonen, tilbyr Nav-kontoret gratis økonomisk rådgjeving. Formålet med tenesta er å hjelpe deg slik at du kan få kontroll over økonomien din. Ta kontakt med Nav-kontoret der du bur for meir informasjon om kva dei kan hjelpe deg med og korleis du søkjer på tenesta.

Fylkesmannen tilbyr ikkje økonomisk rådgjeving

Fylkesmannen har tilbod om opplæring og faglege nettverk til tilsette som driv med økonomisk rådgjeving i Nav-kontora. Fylkesmannen tilbyr ikkje rådgjevingsteneste til personar som treng økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving, men informerer om tilbodet.