Ein har ikkje rett på sosialstønad til å betale gjeld

I dei fleste sosialklagesakene som Fylkesmannen i Vestland behandlar har klagar gjeldsproblem, og gjelda har medverka til at klagar har fått økonomiske vanskar.

Dette er tilfelle også når klagar har søkt om sosialstønad til husleige, mat eller klede.

Nav held gjelda utanom ved berekning av om sosialhjelpssøkjarar skal få stønad. Når vi behandlar klagen stadfestar vi at Nav ikkje tek omsyn til gjelda. Det hjelper ikkje at klagar står utan pengar, når vedkomande har inntekt, men har brukt pengane til å betale gjeld.

Gjeld er ikkje livsopphald

Personar som ikkje kan sørgje for eige livsopphald gjennom arbeid eller økonomiske rettar har rett til sosialstønad frå Nav. Søknaden må likevel gjelde ei utgift som kjem inn under sosialtenestelova sitt livsopphaldsomgrep. Kjerneområdet i livsopphaldsomgrepet omfattar grunnleggjande behov som mat, klede, bustad og straum, men tar også omsyn til andre sider av dagleglivet, som fritid og sosiale behov. 

Arbeids- og velferdsdirektoratet har fått oppgåva å tolke sosialtenestelova, og direktoratets tolkingar er samla i rundskriv 35. I rundskrivet står det at utgifter til dekking av alle former for gjeld som hovudregel ligg utanfor livsopphaldet. Rundskrivet slår fast at økonomisk sosialstønad ikkje skal tilgodesjå kreditorar.

Unntak

Nav skal likevel ta omsyn til gjeldsutgifter som skuldast innkjøp av og avdrag på gjenstandar som inngår i livsopphaldet, som til dømes kjøleskap og anna nødvendig innbu. Det same gjeld lån eller kreditt til nødvendig livsopphald, som mat, dersom søkjaren måtte ta opp lån til slike føremål i ein periode då ho eller han til dømes ikkje visste om retten til økonomisk stønad. 

Vi ser sjeldan klagesaker der søknaden som vart avslått omfattar gjeld som kjem inn under unntaka. Vi legg til grunn at Nav-kontora gir sosialstønad i slike saker, og at dei derfor ikkje kjem til oss som klagesaker. 

Husleigegjeld

Nav må vurdere om dei skal dekke gjeld dersom søkjaren står i fare for å miste bustaden på grunn av misleghalde lån eller ubetalt husleige. Nav skal leggje spesiell vekt på kva verknader ei flytting kan få for barn og unge som blir råka av flyttinga.

Dette medfører ikkje at ein søkjar alltid vil få sosialstønad til å dekkje husleigegjeld. Nav-kontoret har ikkje plikt til å dekkje gjeld som oppstår på grunn av høge buutgifter som søkjaren ikkje sjølv har råd til å betale, når det finst bustadalternativ med eit nøkternt husleigenivå som kan dekkje søkjaren sitt bustadbehov. Dersom vedkomande har fått råd av Nav om å finna seg ein rimelegare bustad, men ikkje har fylgd dette rådet, vil Nav til vanleg ikkje ha plikt til å dekkje husleigegjelda som søkjaren opparbeider.

Ein har ikkje rett på sosialstønad til å betale avdrag på huslån, men renter på huslånet kjem i same kategori som husleige. 

Private lån

I nokre klagesaker har klagaren problem med å betale privat gjeld. Det kan til dømes vere ein slektning eller ven som har gitt lån for å hjelpe i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Når klagaren over tid ikkje har pengar til å betale tilbake, så har ho eller han søkt Nav-kontoret om sosialstønad til å betale gjelda med. Det er ikkje noko unntak for slik gjeld, og ein har ikkje rett til sosialstønad.

For høgt forbruk

Vi har sett fleire døme på gjeldsproblem hjå personar som har folketrygdytingar eller andre faste inntekter som dei skal kunne klare seg med. Likevel har dei gjeld som dei ikkje klarar å betene, og økonomien har gått over styr.

Vanlegvis skuldast gjeldsproblema eit for høgt forbruk i høve til inntekta. I slike tilfelle legg Nav hovudregelen til grunn, altså at sosialstønad ikkje skal tilgodesjå kreditorar, og vi stadfestar Nav sine avslag.

Styr unna kvikklån og kredittkort

Forbruksgjelda blant personar med lita eller ingen inntekt er bekymringsfull. På bakgrunn av det vi ser i klagesakene, meiner Fylkesmannen at det er ønskeleg med strengare restriksjonar for denne typen utlånsverksemd. Den nye gjeldsinformasjonsordninga er eit viktig steg på vegen, og seriøse utlånsverksemder har no eit betre grunnlag for sine kredittvurderingar. Det er likevel mange freistingar som lokkar dei som vil skaffe seg pengar med kvikke lån.

Vi vil peike på at dei som låner ut pengar utan sikkerheit, ikkje skal tru at Nav skal løyse tilbakebetalingsproblema med lettvinte sosialpengar.

Økonomisk rådgjeving

Både dei som har sosialstønad og dei som ikkje har rett på sosialstønad kan ha rett på økonomisk rådgjeving frå Nav. Dei som har låg inntekt skal som utgangspunkt ikkje betale meir gjeld enn at vedkomande sit att med nok pengar til nødvendig livsopphald. Personar som berre har sosialstønad som inntekt skal som hovudregel ikkje betale gjeld som omfattar restskatt og bidragsgjeld. Nav-kontoret skal tilby økonomisk rådgjeving til dei som har gjeld dei ikkje klarar å handtere. Dette kan inkludere bistand til å gjere avtale med kreditor om nedbetalingsplan eller betalingsutsetting, eller å søkje om at gjelda vert sletta.