Ny mellombels forskrift om unntak frå sosialtenestelova

Forskrifta gjeld når aktivitet ikkje kan gjennomførast som planlagd på grunn av koronasituasjonen.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.05.2020

Den mellombelse forskrifta skal sjå til at mottakarar av økonomisk stønad og deltakarar i kvalifiseringsprogrammet ikkje blir skadelidande, om aktivitet ikkje kan gjennomførast grunna koronasituasjonen.

Arbeids- og sosialdepartementet har 8. mai 2020 gjort vedtak om mellombels forskrift om unntak frå sosialtenestelova paragrafane 20, 20a og 29 til 40.

Den mellombelse forskrifta gjeld med tilbakeverkande kraft frå 16. mars 2020 og til 31. desember 2020, om ikkje departementet gjer vedtak om oppheving før.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har utarbeidd rundskriv til den mellombelse forskrifta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.