Nettverkssamlingar om kvalifiseringsprogrammet

Fylkesmannen i Vestland held fram med nettverkssamlingar om kvalifiseringsprogrammet. Samlingane blir i Bergen.

Nettverket er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette frå Hordaland og Sogn og Fjordane som arbeider med kvalifiseringsprogrammet. Det vil bli lagt opp til gruppediskusjonar og erfaringsutveksling mellom deltakarane.

Tidspunkt for nettverkssamlingane i 2019

Vi tek atterhald om endringar.

Praktisk informasjon og påmelding

Nettverkssamlingane er gratis, og deltakarane får enkel lunsj. Fylkesmannen dekker kostnad med ei hotellovernatting i forkant av kvar samling for deltakarar som treng det grunna særleg lang reiseveg. Reiseutgifter i samband med samlingane må dekkast av arbeidsgjevar.

Klikk på datoane for å gå til oppslag i kurs- og konferansekatalogen. Vi legg ut informasjon om tema for samlingane så snart dei er klare. Vi opnar for påmelding om lag fire veker før kvar samling. Det er avgrensa tal plassar og Fylkesmannen tek difor atterhald om å kunne prioritere mellom dei påmelde, slik at flest mogeleg kommunar blir representerte.

Arbeidsgruppe

Nettverket har ei arbeidsgruppe, og målet med denne er å bidra til at samlingane blir mest mogeleg relevant og nyttig for deltakarane. I arbeidsgruppa for 2019 er det fire tilsette frå Nav-kontor i Hordaland og Sogn og Fjordane som arbeider med kvalifiseringsprogrammet, og to tilsette frå Fylkesmannen i Vestland:

  • Kari Askeland, Nav Os
  • Roald Bergheim, Nav Bergenhus
  • Silje Hjelmeland Olsen, Nav Kvinnherad
  • Ina Trengereid, Nav Flora
  • Sunniva T. Skogen, Fylkesmannen
  • Siren R. Skjerven, Fylkesmannen

Har du spørsmål om nettverket eller innspel til tema, så ver venleg å ta kontakt. Kontaktinformasjon finn du under "Kontaktpersonar" på denne sida.