Kvalifiseringsprogrammet

Kvalifiseringsprogrammet skal medverke til at fleire med nedsett arbeids- og inntektsevne og med få eller ingen ytingar frå folketrygda kvalifiserer seg til og kjem ut i arbeid. Dette skal skje gjennom tettare og meir forpliktande bistand og oppfølging frå Nav.

Kven kan delta i programmet?

Målet med kvalifiseringsprogrammet er å styrkje innsatsen overfor personar som er eller kan bli avhengige av sosialstønad over lengre tid. Alle i yrkesaktiv alder som har nedsett arbeids- og inntektsgrense og ingen eller avgrensa ytingar til livsopphald, kan ha rett til å delta i programmet. Programmet skal vere heilårleg og på full tid. Deltaking i eit kvalifiseringsprogram gir rett til kvalifiseringsstønad. Sidan denne stønaden er føreseieleg, gir han mottakaren høve til å planleggje økonomien sin over tid.  

Kvalifiseringsprogrammet er styresmaktene sitt viktigaste verkemiddel i kampen mot fattigdom.

Fylkesmannens oppgåver

Fylkesmannen har fleire oppgåver i samband med kvalifiseringsprogrammet. Fylkesmannen skal blant anna 

  • føre tilsyn med Nav-kontora
  • gi opplæring til tilsette ved Nav-kontora om kvalifiseringsprogrammet
  • sikre forankring i leiinga i kommunane
  • samordne tiltaks- og kompetanseaktivitetar i kvalifiseringsprogrammet mot Nav Fylke
  • gi rettleiing, formidle kunnskap og setje i verk kompetansehevande tiltak for leiinga og tilsette ved Nav-kontora
  • behandle klagesaker

Vis meir


28.05.2020

Ny mellombels forskrift om unntak frå sosialtenestelova

Forskrifta gjeld når aktivitet ikkje kan gjennomførast som planlagd på grunn av koronasituasjonen.  

18.03.2020

Koronavirus og konsekvens for kvalifiseringsprogrammet

Dersom deltakarar i kvalifiseringsprogrammet ikkje får følgt opp tiltak eller aktivitet i programmet som følgje av pandemisituasjonen, skal dette inntil vidare ikkje føre til at programmet blir stansa, trekk i stønad eller liknande.

17.12.2019

Korleis jobbar kommunane med kvalifiseringsprogrammet og aktivitetsplikta?

Vi ber om opplysingar frå alle Nav-kontor i Hordaland og Sogn og Fjordane om kvalifiseringsprogram og vilkår om aktivitet for unge under 30 år. Vi ber om svar innan 6. januar. 

03.01.2019

Endringar i sosialtenestelova om kvalifiseringsprogrammet

Endringane i sosialtenestelova om kvalifiseringsprogrammet tredde i kraft frå 1. januar 2019 og gjeld inngangsvilkår, varigheit og innhald i kvalifiseringsprogrammet. Endringane i rundskrivet til sosialtenestelova er no publisert.