Rettleiar for eit godt krisesentertilbod

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har utarbeidd ein rettleiar som skal hjelpe kommunane til å gje innbyggjarane eit godt krisesentertilbod.

Rettleiaren seier noko om innhaldet i eit krisesentertilbodet. Den tek føre seg tema som første kontakt, samtaletilbodet (dagtilbodet), butilbodet, oppfølging av barn på krisesenter og behov etter opphaldet.

I tillegg tek rettleiaren opp rammer og føresetnader, og ein finn nyttige skjema, malar og sjekklister for arbeidet. I kvart kapittel er det utfyllande informasjon om temaet og lenkar, både til andre delar av rettleiaren, til annan informasjon på Bufdir si heimeside og til eksterne sider.

Her kan du lese rettleiaren «Faglig veileder for innholdet i krisesentertilbudet» på Bufdir.no sine nettsider.

Internkontroll   

For å sikre at kommunen utfører oppgåvene innanfor krisesentertilbodet, er det også utarbeidd ein rettleiar om kva som er forventa av kommunens internkontroll på området.

Rettleiaren gir praktisk og konkret informasjon.

Her kan du lese rettleiaren «Internkontroll i kommunalt krisesentertilbud, jf. Krisesenterlova».