Vellukka fagdag om viktig og vanskeleg tema

Fagfolk må tørre å vurdere moglegheita for omsorgssvikt og overgrep, og det er viktig å følgje opp det enkelte barn og familie. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.11.2019

Det var noko av det 155 fagfolk tok med seg heim frå fagdagen om omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep mot barn. Rutinerte føredragshaldarar og engasjerte deltakarar sørga for læring og erfaringsutveksling på fagdagen, som vart arrangert av Helse Førde og Fylkesmannen i Vestland på Skei onsdag 20. november.

«Ta med heim-beskjeden»

Målgruppa for fagdagen var tilsette som møter barn og unge ved helsestasjon, fastlegekontor, legevakt og sjukehus. Innleiarane prata om at vi må tørre å vurdere mogelegheita for omsorgssvikt og overgrep, og kor viktig det er å følgje opp det enkelte barn og familie. Jobben er ikkje gjort når ein har meldt bekymring til barnevernet. Det er viktig at dei aktuelle tenestene samarbeider og fordeler ansvar og oppgåver slik at barnet får ein heilskapleg og god hjelp.

Betre kjennskap til ressursar og tilbod i regionen

Eit mål med dagen var at deltakarene skulle få betre kjennskap til ressursar og tilbod som finst i regionen, og som ein skal bruke ved mistanke eller kunnskap om vald og overgrep mot barn. Viktige spørsmål er: Kva er helsestasjonen si rolle i saker der ein ser at born ikkje har det bra heime? Korleis skal ein gå fram? Viss ein skal melde, korleis skal ein gå fram og kven skal ein melde frå til?

«Raude flagg» og korleis bli betre til å få barn i tale

Claus Møller frå Helse Bergen heldt eit innlegg om risikofaktorar og «raude flagg» og funn knytt til vald og overgrep. Han understreka at ein ikkje berre må sjå etter fysiske teikn på omsorgssvikt, og at dei emosjonelle følgene også er svært alvorlege. Inge Nordhaug frå Regionalt kompetansesenter mot vold og traumatisk stress (RVTS) kom med råd til korleis å bli betre til å få barn i tale. Politiet og Statens barnehus fortalte om si rolle, og Marianne L. Kjelby frå Fylkesmannen i Vestland førelas om kontakt og samarbeid med barnevernet. Anders Bjørkhaug er overlege på barneavdelinga i Helse Førde. Han engasjerte publikum med ulike kasuistikkar og praktiske døme på born i vanskelege situasjonar.

Lenkjer til nyttige ressursar finn du under «Lenkjer».

Presentasjonar frå samlinga vil bli lagt ut her. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.