Ungdom får tilbod om vaksinasjon mot smittsam hjernehinnebetennelse

Fylkesmannen i Vestland har på førespurnad frå Folkehelseinstituttet (FHI) kartlagt kommunane sitt tilbod om vaksinasjon mot smittsam hjernehinnebetennelse.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.03.2019

Dei viktigaste funna er:

  • Alle kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane som er vertskommune for vidaregåande skule har tilbod om vaksinering via skulehelsetenesta.
  • Dei andre kommunane tilbyr ordninga via fastlege eller helsestasjon.
  • Vaksinen er gratis i Hordaland. For skuleåret 2018/2019 dekkjer Hordaland fylkeskommune utgiftene til sjølve vaksinen for elvar ved alle tre trinna i vidaregåande skule. Både dei offentlege og dei private skulane i Hordaland er omfatta av ordninga. Det er vertskommunane for dei vidaregåande skulane som dekkjer administrasjonskostnadane.
  • I Sogn og Fjordane må elevane betale for vaksinen. Skulehelsetenesta ved dei 10 vidaregåande skulane tilbyr vaksinen til elevane.
  • Vik og Aurland skil seg ut frå dei andre kommunane i Sogn og Fjordane ved at dei dekkjer utgifter til vaksinane for sine ungdomar.
  • Dei kommunane som ikkje er vertskommune for vidaregåande skule tilbyr vaksinasjon via fastlege.

Fylkesmannen fekk svar frå 41 kommunar og ein fylkeskommune. Funn frå kartlegginga finn du under fana «Dokument».

Ungdom som ikkje går på vidaregåande skule må bruke fastlegen for å få vaksinen

Dei ungdomane som ikkje går på vidaregåande skule, får ikkje tilbod om vaksine via skulehelsetenesta.

Dei må bruke det ordinære tilbodet med å ta kontakt med fastlegen sin og få resept på vaksinen. Dette fordrar at ungdomane har kjennskap til nytten av vaksinen og kjenner til tilbodet. Vi meiner at alle ungdomar vil ha utbytte av vaksinen, også dei som ikkje er i vidaregåande skule.

Kartlegginga seier ikkje noko om korleis kommunen sikrar at desse ungdomane får informasjon om eller kjennskap til vaksinen og at den kan forbyggje smittsam hjernehinnebetennelse.

Kva skjer for skuleåret 2019/2020?

Fylkeskommunane og fleire kommunar skal slåast saman frå 2020. Fylkesmannen er difor ikkje kjend med kva som skjer med dei ulike ordningane frå neste skuleår.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.