Tilskot til styrking og utvikling av helsestasjons- og skulehelsetenesta 2019

19 kommunar i Sogn og Fjordane og 24 i Hordaland har søkt om tilskot frå Helsedirektoratet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.07.2019

Tilskotsordninga er på 426 mill. kroner i 2019. Av dette er 40 mill. kroner til jordmorstillingar.

Helsedirektoratet opplyser at 290 av dei 296 kommunane som søkte, fekk søknadane heilt eller delvis innvilga. Fleirtalet av søknadane gjeld vidareføring av prosjekt som er i gang. Mange kommunar har ubruke midlar frå tidlegare år. I den vedlagde oversikta over tildelte midlar, er også ubrukte midlar frå tidlegare år inkludert.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.