Risikoreduserande tiltak blir ikkje følgde konsekvent ved Helse Fonna

Helse Fonna Haugesund sjukehus er kjend med at fleire av tiltaka for redusere risikoen for svikt i helsehjelpa til pasientar som blir flytta på grunn av mangel på plass, ikkje fungerer som føresett.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.11.2019

Helseføretaket har hittil ikkje sett i verk korrigerande tiltak. Det kjem fram i tilsynet Fylkesmannen gjennomførte med helseføretaket i september. Helse Fonna har frist til 6. desember 2019 med å leggje fram plan for korleis dei skal rette dette.

Tilsynet er del av det landsomfattande tilsynet med helsehjelp til pasientar som blir utlokaliserte frå somatiske avdelingar.

Utlokalisert pasient

Med «utlokalisert pasient» meiner vi i dette tilsynet ein innlagt pasient som, på grunn av plassmangel, får spesialisthelsetenester på ein annan sengepost enn den som har fagspesifikk sjukepleiekompetanse på det helseproblemet pasientens er innlagt for. Legane som har fagspesifikk kompetanse på pasientens helseproblem, beheld vanlegvis det medisinskfaglege ansvaret.

Pasientane er inkluderte i tilsynet også dersom det medisinskfaglege ansvaret blir overført til legar som er tilknytt den mottakande sengeposten, sjølv om desse legane ikkje har fagspesifikk kompetanse på det helseproblemet pasienten er innlagt for.

Auka risiko for pasientar

Tema for tilsynet er valt fordi utlokalisering inneber ein auka risiko for pasientane, særleg med tanke på tilgang til kvalifisert personell. Helsetenesta er generelt ei høgrisikoverksemd. Kompleksiteten er stor, med mange meir og meir spesialiserte profesjonsgrupper involvert, avansert utstyr og teknologi, auka behov for kommunikasjon og samhandling m.m. Utlokalisering av pasientar inneber at krava til tryggingstiltak er auka og at leiarar og medarbeidarar difor må ha skjerpa merksemd på risikostyring og risikohandtering. Ved dette tilsynet har Fylkesmannen undersøkt om helseføretaket set i verk naudsynte risikoreduserande tiltak.

Tilsynet gjeld utlokalisering som varer minst eitt døgn. Utskrivingsklare pasientar som blir flytta på grunn av plassmangel inngår ikkje, då desse pasientane i prinsippet er vurdert til ikkje lenger å ha behov for spesialisthelsetenester.

Heile rapporten finn du under «Lenkjer».

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.