Nye utdanningsløp for spesialistutdanninga

Det nye spesialistutdanningsløpet for legar i allmennmedisin, samfunnsmedisin og arbeidsmedisin trådde i kraft 1. mars 2019 for del 2/3.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.04.2019

All gjennomført utdanning skal no dokumenterast digitalt i ein kompetanseportal. Portalløysinga som er etablert for desse spesialitetane er svært lik den som allereie er i bruk for LIS1 i kommunehelsetenesta. I brevet frå Helsedirektoratet finn de informasjon om korleis de tek i bruk portalen, om brukarstøtte og databehandlaravtale de må inngå. De finn også meir informasjon på Helsedirektoratet si nettside.

Alle instansar/kommunar som tek på seg å spesialistutdanne legar i allmennmedisin, samfunnsmedisin og arbeidsmedisin, må registrere seg som utdanningsverksemd innan 1. juni 2019. De finn lenke til skjema på Altinn si heimeside.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.